Vi som står bak Mjølkerampa

Vi er eit samansett team med ulike bakgrunnar, erfaringar og styrkar. Saman arbeider vi for å skape ein trygg, levande og inkluderande møteplass for ungdom i Seljord.

Nokre av oss har ansvar for overordna retning og struktur, andre bidreg med kreativitet, aktivitet og nye idear. Det som bind oss saman, er ønsket om å gi ungdom rom til å vere seg sjølve, utvikle seg og finne sin plass – på eigne premissar.

Vi jobbar for ungdommen.


Ungdomskontakt / Klubbleiar

Simon har det overordna ansvaret for den daglege drifta av ungdomshuset, og jobbar for å utvikle Mjølkerampa som ein trygg og inkluderande møteplass for ungdom i Seljord.

Han er oppteken av å skape gode rammer, tydelege forventningar og eit miljø der ungdom kan kjenne seg trygge, bli tekne på alvor og få reell innverknad. Samtidig er han tett på i kvardagen og deltek aktivt saman med ungdommane – både i aktivitetar og i utviklinga av huset.

Simon Devos



Aktivitetsleiar

Ragnhild har fleire års erfaring som aktivitetsleiar frå sommarskulen i Seljord, og tek utdanning innan arbeid med barn og unge. Ho er ein trygg og tilgjengeleg vaksen, og bidreg til eit miljø der det er lett å vere med og kjenne seg velkomen.

Ho brukar kjøkkenet aktivt som ein arena for å engasjere ungdom, og skapar aktivitetar der det er lett å delta, samarbeide og vere sosial.

Ragnhild Stade


Aktivitetsleiar

Sara har brei erfaring frå ungdomsklubb, både som deltakar og som ansvarleg. Ho har eit godt blikk for kva som engasjerer ungdom, og kjem stadig med idear til aktivitetar og opplevingar som opplevast relevante og spennande.

Ho har særleg styrke innan planlegging og gjennomføring av arrangement, og bidreg aktivt i utviklinga av større aktivitetar og prosjekt. Sara tenkjer frå ungdommen sitt perspektiv, og er oppteken av å skape energi, stemning og rom for ekte ungdomskultur.

Sara M. C. Smith

Abdi Lognvik Vartdal

Aktivitetsleiar

Abdi er den yngste i teamet, men kjem med solid erfaring frå ungdomsarbeid. Han har vore medlem både i det lokale ungdomsrådet og i Telemark ungdomsråd, og har gjennom fleire år engasjert seg for ungdom si stemme og påverknad.

Han er vår eigen gaming-ekspert og har eit godt blikk for kva som rører seg blant ungdom i dag. Abdi bidreg med innsikt, energi og eit sterkt engasjement for at ungdom skal bli høyrde og tatt på alvor.

Engasjer deg.

Bli frivillig.

Engasjer deg. Bli frivillig.