Gaming
Gaming er ein svært populær del av Mjølkerampa. Her finn du eigne rom med godt utstyr og ein stad der ungdom kan spele, utforske og ha det kjekt saman.
Vi har to PlayStation-stasjonar, to Nintendo Switch-oppsett og eit gamingrom med fire kraftige PC-ar. I tillegg har vi VR-briller, to racingsete og simulatorar som gir realistiske og engasjerande spelopplevingar.
Spelehallen
Spelehallen er eit populært rom på Mjølkerampa, med aktivitetar som inviterer til rørsle, leik og samspel.
Her finn du bordtennis, biljard, bordfotball og air hockey – spel som skapar engasjement og gode opplevingar. Rommet gir plass til både aktivitet og sosialt samvær, og blir brukt mykje av ungdommane.
Ungdom har òg sjølve vore med og gjort i stand spelehallen, og bidreg til å ta vare på rommet.
Lounge og fellesskap
På Mjølkerampa finn du fleire loungeområde som er spreidde rundt i huset. Her er det sofagrupper og sitjeplassar der ungdom kan slappe av, prate, bruke telefonen eller berre vere.
Vi har òg fleire bord der det er mogleg å spele brettspel, gjere lekser eller halde på med andre rolege aktivitetar. Eit skap fullt av spel gir mange moglegheiter for felles opplevingar.
I eitt av fellesområda har vi ein prosjektor med storskjerm som kan brukast til film, spel og andre aktivitetar. Musikkanlegg og LED-lys gjer det mogleg å skape ulike stemningar, alt etter kva som skjer.
Kjøkken, kiosk og andre fasilitetar
Mjølkerampa har eit eige kjøkken som gir moglegheit til å lage og servere mat. Nokre gonger lagar vi mat saman med ungdom som ein del av aktivitetane, andre gonger blir det førebudd av dei tilsette.
Vi har òg ein kiosk med eit utval av snacks, godteri, brus og slush. Vi legg vekt på å halde prisane låge, slik at det skal vere tilgjengeleg for alle.
Huset har eigne toalett, garderobe og gode oppbevaringsmoglegheiter for ytterklede og eigedelar.
For fleire bilete og videoar,
følg oss på sosiale medier.
Leige Mjølkerampa
Mjølkerampa kan leigast til arrangement og aktivitetar.
Ta kontakt med ungdomskontakt Heidi Jakobsen dersom du ønskjer meir informasjon eller vil høyre om moglegheitene.
Tryggleik og rammer
Mjølkerampa skal vere ein trygg og inkluderande møteplass for alle.
Vi har tydelege reglar og jobbar aktivt for eit godt og trygt ungdomsmiljø.