Mjølkerampa Ungdomshus
Ein open, inkluderande og rusfri møteplass for ungdom i Seljord.
Mjølkerampa er ein kommunalt driven ungdomsklubb der ungdom kan vere seg sjølve, vere sosiale, prøve nye ting og oppleve meistring – utan prestasjonspress.
Her har ungdom reell medverknad på aktivitetar og tilbod, og trygge vaksne er alltid til stades.
Faste Tilbod
gjeld i skulevekene
Ungdomskafé
For ungdom frå 8. til 10. klasse
Kvar måndag og torsdag
Frå kl. 1350 til kl. 1800
Ungdomsklubb
For ungdom frå 8. klasse til 18 år.
Annakvar fredag
Frå kl. 1900 til kl. 2300
Mellomtrinnskafé
For barn frå 5. til 7. klasse
Annakvar tysdag
Frå kl. 1350 til kl. 1800
Program kan variere ved arrangement, turar eller prosjekt.
Følg oss på SoMe for siste nytt og endringar frå veke til veke.
Trygg og rusfri møteplass
Mjølkerampa er ein trygg arena med tydelege rammer og vaksne til stades.
Inne på Mjølkerampa
Vi har gamingrom, spelehall, loungeområder og mykje meir!
Visste du at du kan leige Mjølkerampa?
Saman skaper vi moglegheiter
Mjølkerampa ønskjer å vere eit knutepunkt for aktivitet og fellesskap i Seljord.
Vi samarbeider med lokale aktørar, frivillige og føresette for å skape fleire moglegheiter for ungdom.
Les meir om samarbeid og korleis du kan bidra:
Sjå kva som skjer på Mjølkerampa:
Kontakt oss
Vi svarar gjerne på spørsmål – små eller store.
