Mjølkerampa vart etablert i 2024 som eit resultat av folkehelseprosjektet «Rusfritt, robust og rettferdig» i Seljord kommune. Ungdomshuset blei oppretta for å skape ein trygg, inkluderande og rusfri møteplass der ungdom kan utvikle fellesskap, meistring og medverknad.
Formål
Mjølkerampa skal vere ein inkluderande møteplass som fremjar:
sosialisering og fellesskap
opplevingar og meistring
identitetsdanning og trygg utvikling
Ungdomshuset er politisk og religiøst nøytralt, ope for alle – og sjølvsagt heilt rusfritt.
Dette står vi for
Trygge og tydelege vaksne
Rollemodellar med teieplikt og ansvar.
Rom for både aktivitet og samvær
Struktur og fridom i balanse.Tilpassa tilbod
Aktivitetar som møter ulike behov og interesser.Meistring utan prestasjonspress
Ein stad der alle kan kjenne at dei får det til.Reell medverknad
Ungdom påverkar aktivitetar og drift gjennom dialog og møte.Sosial utvikling og førebygging
Vi styrkjer sosiale ferdigheiter og legg til rette for samarbeid, ansvar og initiativ – gjennom turar, arrangement og prosjekt.
Vår rolle i kommunen
Mjølkerampa Ungdomshus er del av ei større kommunal satsing på barn og unge.
Samarbeid
Vi samarbeider tett med fleire instansar i kommunen, mellom anna skulen, SLT-koordinatoren og helsetenesta.
Saman ønskjer vi å sjå ungdom i eit heilskapleg perspektiv og bidra til støtte og utvikling i ulike delar av livet deira.
Organisering
Ungdomshuset ligg under kulturavdelinga i Seljord kommune.
Kultursjefen har det overordna ansvaret, medan ungdomskontakten har det daglege ansvaret for drift og oppfølging. På huset jobbar ungdomskontakt og fire aktivitetsleiarar som rullerer i opningstidene.
Ungdomsarbeid
Mjølkerampa er ein fritidsarena – men arbeidet vårt er målretta.
Ungdomsarbeid handlar om relasjonar, førebygging og trygge rammer som gir rom for meistring og medverknad.
Tryggleik i praksis
Ein viktig del av arbeidet vårt er å skape ein trygg arena for ungdom.