Saman for ungdom i Seljord
Mjølkerampa trur på samarbeid.
Jo fleire som bidreg, jo betre ungdomsmiljø kan vi skape.
Saman med lokalmiljøet
Mjølkerampa er ein naturleg møteplass for ungdom –
og ein samarbeidspartnar i lokalsamfunnet. Vi ønskjer kontakt med alle som jobbar for gode opplevingar og moglegheiter for ungdom.
Vi samarbeider gjerne med:
Granvin Kulturhus og Sterke Nils Senteret
Seljord Idrettslag
Frivillige lag og organisasjonar
Lokale verksemder
Kvifor samarbeid?
Dele informasjon om andre fritidstilbod
Skape felles arrangement
Utvikle prosjekt saman
Nå ungdom som elles ikkje finn vegen til aktivitetar
Ta kontakt dersom du har eit tilbod eller ein idé.
Saman med ungdom
Ungdom har ei stemme
Mjølkerampa skal ikkje styre ungdom – vi skal leggje til rette.
Ungdom har reell medverknad i:
Aktivitetar
Prosjekt
Arrangement
Utvikling av huset
Målet er at ungdom skal oppleve eigarskap, meistring og moglegheit til å skape noko sjølve.
Eit godt ungdomstilbod krev samarbeid mellom heim og møteplass.
Vi ønskjer dialog med føresette og oppmodar til å:
Ta kontakt ved spørsmål
Delta i dialog om miljø og trivsel
Bidra ved arrangement om ønskjeleg
Vere støttespelarar for eit trygt og inkluderande miljø
Tilstadeverande og engasjerte vaksne er avgjerande for ungdom sin utvikling.
Ta kontakt dersom du ønskjer å bidra eller engasjere deg.
Saman med føresette
Saman med kommunen
Mjølkerampa er ein del av Seljord kommune sitt samla arbeid for barn og unge, og høyrer til kulturavdelinga.
Vi samarbeider tett med mellom anna:
Skulen
Helsesjukepleiar
SLT-koordinator
Kulturskulen
Biblioteket
Mjølkerampa inngår òg i folkehelseprosjektet «Rusfritt, robust og rettferdig», som skal styrkje førebyggande arbeid og trygge møteplassar for ungdom i Seljord.
Saman med frivillige
Brenn du for ungdom, eller har du lyst til å bidra?
Mjølkerampa er avhengig av engasjerte frivillige som ønskjer å vere med og skape gode opplevingar for ungdom i Seljord.
Vi søkjer særleg frivillige som kan bidra ved:
Arrangement
Aktivitetar
Fredagsklubber
Det er heilt uforpliktande å ta kontakt. Du kan gjerne bli med og sjå korleis det er, og finne ut om dette er noko for deg.